Debatt

Det var ein gong ei regjering

”Vi har jo i om lag 30 år no pumpa opp mykje olje. Kva har det ført til?” spurde Tord. ”Åh, eg veit det, eg veit det!” ropa Erna og vifta ivrig med handa.

Det var ein gong ei regjering som var så nøgd med seg sjølv. Dei hadde vore i møter, både langt og lenge, og såg no fram til kaffi og kaker. Sylvi, som var frå Sunnmøre, hadde lenge lova å ta med svele til dei andre. Nett denne fredagen hadde ho eit stort fat fylt til randen med herlege, gylne svele. Erna var interessert i korleis Sylvi fekk svelene så gylne. ”Eg har prøvd mykje forskjellig, men har enda opp med palmeolje. Han gir sånn ein gyllen farge på dei. Ikkje minst er han den rimelegaste.” Sylvi var jo trass alt sunnmøring.

Dei hadde sett tennene i svelene og prata om kva dei skulle gjere i helga. Erna skulle på tur med snøskuter. Det var nokre nye fridtidsløyper som skulle testast opp mot Gaustatoppen. Monica skulle på shopping i New York. Siv hadde hatt planen klar lenge, men hadde i siste liten droppa cruiset i Middelhavet. Ho hadde sett på tv at det var så mykje trafikk der for tida. Ho vurderte kurs i kamelriding i staden.

Dei byrja eigentleg å bli mette og nøgde, men tok seg ei til av dei freistande svelene. Kakefatet var snart tomt og dei lura på kva dei då skulle gjere. Dei var rett nøgde med seg sjølv, og kunne ikkje kome på kva meir artig og bra dei kunne finne på. Brått var det ein av dei som stoppa midt i eit tygg. ”Eg fekk ein god ide!” sa Tord.
”Vi har jo i om lag 30 år no pumpa opp mykje olje. Ikkje sant?”
Jau, dei andre måtte seie seg einige i det. ”Kva har det ført til?” fortsette Tord. ”Vi har tent mykje pengar,” svara Siv. ”Sjølvsagt, men vi har og bidrege til noko meir,” kom det kort frå Tord.
”Det har noko med sånn klimagreier å gjere…” kom det nølande frå Torbjørn. ”Åh, ja no kom eg på det!” Det har blitt sånn global oppvarming!” Han var nett stolt av seg sjølv som hadde slik kunnskap.
”No er de på sporet”, kom det kjapt frå Tord.
”Åh, eg veit det, eg veit det!” ropa Erna og vifta ivrig med handa. ”Når det blir sånn global oppvarming, så smeltar havisen.”
Ho glisa bredt, sikker på at ho hadde komme med løysinga.
”Bra, det er rett, men kva då?” Tord gav seg ikkje. Nei, no satt dei og undra seg ei stund og var ikkje like nøgde med seg sjølv lenger. Tomt for sveler var det og.
”Ingen som veit det?” spurde Tord.
”Kan eg ringe ein ven?”, undra Torbjørn.

Plutselig small det! Alle kvapp til og det blei stille. Det var stolen til Tine. Ho hadde lent seg attende for å strekkje mageskinnet etter den siste svela. Stolen bikka, og ho låg med eitt på golvet. Plutseleg spratt ho opp over bordkanten.
”Eg veit det!” ropa ho og smelte handa i bordet så svelesmular og kaffikoppar skvatt. Bent satt ein svelesmule i halsen, og fekk ei hostebye.
”Vi kan utvide leiteområdet for olje og gass! Og finn vi meir, blir det meir pengar og så blir det meir global oppvarming, så smeltar havisen og iskanten flyttar seg, og så…” Det gjekk heilt i stå for ho. Ho var raudlet i kinna, og hadde kaffiflekkar på skjorta. Skjorteknappane spratt då ho trakk pusten djupt og fortsatte ”…og så kan vi utvinne meir olje og tene meir og meir pengar!”
Jubelen braut laus. Dette var jo ein framifrå ide! Tenk at ikkje nokon hadde kome på det før? Ine var kjent for å vere handlekraftig, og tok straks opp telefonen og bestilte ei kake forma som ein oljerigg medan dei andre jubla og klappa i hendene. Alle tykte dette var ein fantastisk idé! No kunne dei endeleg realisere motorvegar, opprusting av forsvaret og andre flotte utviklingstiltak. Dei gleda seg alle til å sette i gang med arbeidet. Først skulle dei berre ete meir kake.

Men, soga endar ikkje lukkeleg, for dei åt seg til slutt så fulle av kake at dei sprakk som troll pleiar sprekke når sola stig og lyset skin på dei.