Ville urter

Dei gløymde hjelparane

No spirer vi att. Framleis er vi heilt gratis, og heilt økologiske dersom ein ugrashatar ikkje var ute med sprøytekanna si sist sommar. Men ingen veit korleis dei skal bruke oss lenger.
Perikum. God mot sår, solbrent hud, ømme musklar, gikt og øyrebetennelse. Reknas og som eit mildt antidepressiv.

Nesten alle har gløymt oss no, her vi står i grøftekantar, på torvtak, i skogen og på fjellet. Nokre av oss står til og med i hagen til folk, og i staden for å bruke oss, sprøytar dei gift på oss, så vi døyr. Ikkje at dei vert kvitt oss, neste år sprett vi oppatt ein annan stad, enda fleire og enda frodigare.

Ein gong vart vi nennsamt plukka, hengt opp og tørka for å bli gøymd i mørke kott til det vart bruk for oss. Eller vi vart lagt friske i ein kopp kokande vatn. Eller mosa til ein graut og lagt på verkande byllar. Vi kjempa saman med menneska mot skjørbuk og hoste, vi fekk sår til å gro og utslett til å forsvinne. Vi raste rundt i vinterbleike kroppar og fann att styrken i visne lemmar og tunge tankar.

I dag er det mest ingen som kjenner namna våre og langt mindre kva vi kan brukast til. Vi er berre ugras eller i nauda til pynt, dei vakraste av oss.
Nokon kom og tok plassen vår.
Først kom kjemikarane og skulemedisinen. Det var mykje godt i den. Det var litt av oss i den. Kloke menneske i kvite frakkar saumfor oss, delte oss opp i bitte små bitar og skilde ut ulike stoff og jubla over kva dei fann. Så kasta dei oss i bosset og byrja å lage desse stoffa i laboratoria sine.
Men dei gløymde resten, tenkte ikkje over at det kanskje er samspelet mellom alle stoffa kvar og ein av oss er samansette av som gjer oss unike.
Mange vart rike. Pillefabrikkane ropte høgt og lokkande. Dei inviterte legar på fine kongressar i land langt borte. Jo fleire piller legane delte ut, jo meir tente dei. Og folk ville ha piller. Folk vil jo vere friske.

- Jo fleire piller vi et, jo friskare blir vi, tenkte folk. Men det vart dei jo ikkje. Tvert om fekk dei vondt i magen og vondt i hovudet og ilt både her og der, på plassar dei aldri hadde hatt smertar før. Men det fanst piller mot det også, og snart har kvar einaste nordmann sin eigen dosett.

Nei, ikkje alle. Nokre menneske tenkte at det er betre å bruke noko meir naturleg. Og det var mykje bra i den tanken og. Kor kan vi få tak i kamille og rosenrot? Kor kan vi finne brennenesle og kjerringrokk? Dei gløymde å sjå ut glaset. Gløymde å sjå langs stien. Dei gjekk på helsekostbutikken og på nettet, og kjøpte urter som tinktur og urter som pulver og piller. I alle former, mot alle plager. Urter mot magefeitt og urter for betre hårvekst.

For dette kunne ein og tene pengar på. Mange vart rike. Ikkje berre på oss i knust og konsentrert form. Alt som legane ikkje delte ut vart rota saman i einaste smørje av englar og kvakksalvarar, dødehavssalt og kraftkrystallar. På dei alternative apoteka står no Tarotkorta ved sida av amme-teen og tilitersdunkar med proteinpulver i lag med bitte små glas med økologisk grapefruktkjerneolje.

Og medan pengane rullar inn på begge sider, mens skulemedisin og alternativmedisin slåst i Dagsnytt 18 og i TV2 hjelper deg og forsvar og skuldingar går att og fram over hovuda våre, står vi berre her, helt stille og heilt gløymde.
«Dette må du vite om folkemedisinen», sto det med feite typar på førstesida til Dagbladet nyleg. Jess! tenkte vi. Endeleg, tenkte vi. No er vi snart på moten att. No er vår tid komen tilbake. Men vi fann ikkje oss sjølv der på side 14 og 15, vi fann warfarin, enalapril, melatonin, kodein, acetylsalisylsyre og diazepam. Så det er det som er vorte folkemedisin no.
No spirer vi att, strekker oss mot lyset etter vinterdvalen i den mørke molda. Framleis er vi heilt gratis, og heilt økologiske dersom ein ugrashatar ikkje var ute med sprøytekanna si sist sommar. Men det er ingen som veit korleis dei skal bruke oss lenger. Og det er ingen som har tid heller. Alle spring forbi oss med blikket stivt festa på pulsklokka si. Alle menneska har det så travelt med å tene pengar til alle legebesøka og reseptane og urtekurane og handspåleggarane. Det kostar både tid og pengar å halde seg frisk.

Så til sommaren blir vi vel ståande her og vansmekte att. Sprøyta på og trakka på. Og gløymt.