Nostalgi

Livet på Bygdin høgfjellshotell

I ei tid då nostalgi er eit designelement, mister omgrepet all verdi. Med mindre du dreg til Bygdin og lyttar til hjarteslaga i veggene.

1.
Eg drøymer om å drive Bygdin Høyfjellshotell i Jotunheimen. Har gjort det i mange år. Leve og arbeide i desse fjella som ber avtrykket av sjela mi. Vera vertinne, servere rømmegraut og reie opp senger, sjekke inn gjestar og mikse vodka-martini i baren, vaske doar og bestille varer frå Asko. Eg har gjort det før, mykje av det. Eg trur eg kunne gjort det godt, men det blir nok med draumen.

2.
Bestefar til Per kjøpte hotellet i 1910. Han bygde og bygde, gav det vidare til sonen, som bygde meir, gav det vidare til Per, som har brukt snart femti år på å vedlikehalde arven. Han er den distingverte, respektfulle direktøren. Han kastar seg ikkje over nye trendar i tida. Her får historia leve mellom veggene, urørt av shabby chic, minimalisme og glatt funksjonalisme. Bygdin prøver ikkje å vera noko det ikkje er. Det treng det ikkje. Det kviler i seg sjølv. Slik også du, som gjest, kan gjera.

3.
Plysj- og fløyelsmøblar, teak og respatex. Klokkesnorer og piano, tørka blomar, plastblomar, ekte blomar. Ei oransje rullegardin over ein resepsjon der du får kjøpt klistremerke frå syttitalet. Ein bardisk, høg som eit fjell, omkransa av hyttemøblar og utstoppa dyr. Farga vindauge slepper inn dunkelt lys. Eit keyboard der ein rumensk musikar spelar opp kvar kveld. Fargesterke gardiner og blomsterranker på dobbeltsenga. Ein tilårskomen, einsam hund haltar mellom borda. Gamle damer i raude anorakkar drikk gin frå små flasker i solveggen.

(artikkelen fortsetter)

Alle fotos: Anne-Marte Før
Alle fotos: Anne-Marte Foer

4.
Familieportretta heng i lange korridorar der stuepiker i bunadsuniform ber reint sengetøy til romma. Det er langt mellom stuepikene i fjellheimen. Dei eksisterer ikkje i Nynorskordboka, og retteprogrammet set raude strekar under ordet, for liksom å minne om at dei ikkje skal vera der. Men det er dei. Per insisterer.

5.
Han veit at han kunne spart inn mange kroner på å effektivisere. Han kan slutte å servere middag på store fat der ein forsyner seg til magen er full. Be folk ta med sengetøy. Setje opp prisane. Han kunne gjort dette. Men han gjer det ikkje. No ligg hotellet ute for sal. Per gler seg. – Eg har aldri opplevd ein sommar, seier han.

6.
Britt og Margareta frå Göteborg har vore gjester her i over tretti år. No er Britt 87. Ho kjem inn frå blåsten med raude kinn og rennande nase. Ho elskar Bygdin, men veit ikkje om ho kjem att neste år. Vil det bli det same utan Per? Utan denne hemtrevnaden? Ho klør den gamle hunden bak øyra og går opp for å skifte til lunsj. Ein må stelle seg før måltida.

7.
Det var ei tid då mennene gjekk i smoking og damene i lange kjolar når påskemiddagen vart servert. Då herrane etter middag tok plass i herresalongen med sigarar og portvin, medan damene sat i damesalongen med strikketøyet. No tassar gjestene rundt i tøflar og rutete flanellskjorter.

8.
Lysekroner i messing, lysekroner av smijern, lampettar av furu eller det skjøraste porselen. Elegante fliser og sliten linoleum. Du finn det her. Bygdin absorberer tida, absorberer stilartane og ein flik av sjela di. Eg skal ikkje late som. Eg er oppvaksen i traktene. Slekta mi har støla og drive næring i dette området. Bryllaupet mitt vart feira akkurat her. Sjølvsagt har Bygdin absorbert sjela mi. Difor er eg redd for kva nye eigarar vil finne på. Vil dei rive ho av i lag med gamle tapet og golvteppe? Brenne ho på bålet med tørka blomar og glorete gardiner? Måle over ho med duse gråfarger og svelte ho ut med magre menyar?

9.
Dersom Per deler denne redsla, seier han ingenting om det. Han strekar opp bordkartet for påska med blyant og linjal på ein stor kartong. Skriv sirleg inn namna på folk han har kjent ein halv mannsalder. Kanskje for siste gong. Men fjella vil stå. Hotellet vil stå. Som eit hjarte vil det bli fylt og tømt og fylt og tømt i sesongane som kjem. Nostalgi er luksus, og Per er nøktern. Han veit at tida er komen, og at tida som kjem skal bli god.