Kronikk

Å skaffe kunnskap når det passar

Våre folkevalde manglar ikkje informasjon om verken natur eller klima. Heller ser det ut til å mangle ei grunnleggande forståing av kva kunnskap eigentlig er. Det er eit demokratisk problem.

Denne vinteren har to statsrådar gått av grunna avsløringar om juks i masteroppgåvene sine: helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol og forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch. Sarkasmen ligg sjølvsagt tjukk i dei kunnskapstunge sektorane helse og utdanning etter slike blødmer. Men, desse sakene er også eit teikn på større problem i norsk politikk. Masterskandalene er eit symptom på at våre folkevalde manglar ei god forståing av kva kunnskap eigentlig er.

Også andre statsrådar tykkjer mannevit er ei tung bør. For nokre veker sidan kom finansminister Trygve Slagsvold Vedum med eit utspel om at vi bør bygge fleire hytter i norsk natur. Kanskje var det NRK- serien «Oppsynsmannen» som provoserte Vedum? Her vart det vist korleis vi forringar naturen vår bit for bit gjennom hyttefelt, vegbygging og ja-holdning. Vedum, som søker støtte i distriktskommunar som er langt framme i skoa, fekk openbert eit behov for å røre opp vatnet.

Det gjorde han ved å gå rett imot forskingsbasert kunnskap om norsk naturforvaltning. Vedum gjorde det klinkande klart at etablert kunnskap om arealforvaltning og miljø var fullstendig likegyldig for han. Som populistisk utspel fungerte dette nok bra – basen var begeistra og antagonistane kledelig irriterte.

Trump-æraen kom med «fake news» og omgrepet «postfactual truth». «Postfaktuell sanning» kan laust forståast som at sanninga ikkje lenger treng baserast på fakta. Det postfaktuelle samfunnet har eit ordskifte der kvar meining er like gyldig uavhengig av kor underbygd den er. Vedum sitt utspel om hyttebygging er eit eksempel på postfaktuell sanning. No er Vedum ingen Trump. Han er trass alt litt meir subtil. Men norsk offentligheit og forvaltning er likevel grunnleggande påverka av særinteresser som hindrar oss i å løyse nokon av dei viktigaste utfordringane Norge står ovanfor.

Lågendeltaet naturreseverat. (Foto: Jan-Tore Egge/Wikimedia Commons)

«Kunnskapssamfunnet» er eit flott omgrep. Det er eit fyndord som har vorte nytta av ulike regjeringar på begge sider av det politiske spekteret sidan 1980-talet. Her skulle universitet og høgskular utdanne høgt kvalifiserte arbeidstakarar som skulle gi teknologiske arbeidsplassar og verdiskaping. Og det har vi fått. Store næringar som energisektoren, offshoreindustrien og oppdrettsnæringa er kunnskapsintensive næringar. Utdanning og kunnskap har først og fremst vore eit viktig instrument for økonomisk vekst og sysselsetting.

Men kunnskapssamfunnet har nokon brysame sideeffekttar. Universiteta produserte også klimaforskarar, veterinærar, toksikologar og økologar, som kritiserte dei same næringane for manglande bærekraft. Brysam informasjon har også kome frå forvaltninga sjølv. Miljødirektoratet (MDir) har levert høyringsvar på alt frå Lågendeltaet, til gruvedrift på havbotnen. MDir opplever lite gjennomslag for høyringssvara sine. MDir sin informasjon er ikkje egna til å bygge landet. Sjølv om det er kvalitetskunnskap om viktige natur- og samfunnsomsyn, betalt for med fellesskapet sine pengar.

Det er kanskje opportunt å berre skaffe kunnskap når det passar. Men det gir oss ikkje godt grunnlag for å løyse nokon av dei største utfordringane vi står ovanfor: konsekvensane av naturtap og klimaendringar. Vedum sine veljarar vil få fleire ekstremvær i fanget. Uveret «Hans» var berre starten.

Våre politikarar har eit ansvar for at våre felles utfordringar vert diskuterte på ein real måte. Med grunnlova sin paragraf 112 - den såkalla miljøparagrafen, har myndigheitene plikt til å sikre eit helsebringande og og produktivt naturmiljø. Dei pliktar også at borgarane har kunnskap til å vurdere naturtilstand og effektar av inngrep». Den vert ikkje ivaretatt i dag. Nærings- og særinteresser har lagt premissa for heilt sentrale diskusjonar om korleis vi skal sikre ei trygg framtid. Mange folkevalde har i beste fall vore naive, i verste fall direkte aktive i å spele ned negative konsekvensar av næringar som olje og oppdrett. Og då har vi ikkje ein gong nemnt menneskrettsbrot-turbinane på Fosen, gruvedrift i djuphavet, eller skogsdrift med ei særlig forkjærligheit for våre siste urørde urskogar.

Dette er eit demokratisk problem. Når våre folkevalde ikkje skaffar seg nødvendig kunnskap, og heller ikkje ser poenget med å skaffe seg den, er vi som samfunn kollektivt i dårligare stand til å møte framtida.