Mannen og elva

82-åring: Jeg må bade hver dag

Fire år gamal ramla Ivar Husdal i elva og berga såvidt livet. Men han tok ikkje skrekken. No er Ivar vorten 82, og elva er framleis leikeplassen hans.

Ein eldre herre med kvitt skjegg og eit tau rundt kroppen fylgjer den svake straumen nedover elva. Vassføringa er låg, og det er varmt i vatnet. Plutseleg snur han seg om, legg heile seg bakover, hiv beina i været og tek ein baklengs salto ned i neste kulp. Der vert han liggjande ei stund med augene lukka, og berre flyta. Kjenna på vatnet, vera vektlaus, sola varmar.

- Eg må bada ein gang for dagen om sommaren. Sesongen startar når det vert for fristande. Varmt i vêret og låg nok vassføring, då kan eg leika meg i juv og små fossar, fortel Ivar Husdal.

I år fyller Ivar 83 år, men gutungen har liksom aldri heilt sluppe taket i han. Frå stoveglaset heime på Vinje på oppsida av E16 og Vinje hotell, ser han ned på barndomsheimen Gamlemeieriet og Vinjeelva. Faren Johan var meieribestyrar, mora Jørgina kom frå Vinje. Som gutunge datt Ivar utfor brua her, og det kunne gått riktig gale.

(Artikkelen fortsetter)

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her