Vern av truede arter

Regnskog søker trønderlav

For lite lav kan velte stort lass.

Kva er ein regnskog? Ein stad langt, langt vekke, ein varm, fuktig skog med slangar, jaguarar og lianer mellom trekrunene? Har du vore i ein regnskog nokon gong?
Om svaret på spørsmål nummer to er ja, er det ikkje berre ja, og om du trur svaret på spørsmål nummer tre er nei, kan det vere du må tenke deg om. Ein regnskog er nemleg verken meir eller mindre enn eit økosystem av skog og grøne planter som står på ein plass der det er mykje regn og høg fuktigheit. Ein av desse stadane i verda er trøndelagskysten, og ein av skogstypane som står der er kystgranskogen – eit grønt og dampande døme på boreal regnskog.
Og inni der, på dei tynnaste, eldste grankvistane, bur hovudpersonen i denne historia: trønderlavet. Gråbrun og hårete og med raudbrune utvekstar høyres det kanskje ikkje ut som noko å bruke timesvis på å leite etter på søndagsturen. Men det er før du har høyrt kor sjeldant lavet er. Di vanskelegare noko er å finne, di meir spanande vert jo jakta. Og her kan du verkeleg få deg ei utfordring.

Skog er meir enn tre
For å seie at trønderlavet bur i kystgranskogen har på seinare vorte å ta litt for hardt i. Dei siste åra har det ikkje lenger vore å finne. Og det er faktisk såpass alvorleg at det heng saman med det aller fyrste, store spørsmålet vi stilte: kva ein regnskog faktisk er.
Stikkordet er økosystem. Sjølv om det er mange grantre i ein kystgranskog, hadde dei aldri overlevd aleine. Dei treng lavet sitt like mykje som lavet treng treet. Trønderlav treng mosedekte greiner å henge fast på for å leve og vekse. Det trivast særleg godt på dei skyggefulle, fuktige kystgrangreinene.
Trea og resten av skogen treng lavet for å hente næring. Trønderlav kan nemleg noko ganske så spesielt noko: Hente næring ut av tomme lufta.

Illustrasjon: Jenny Nordahl

Sopp + bakterie
Korleis det heng saman? Eit lav er ikkje berre eit lav, det er ein symbiose mellom ein sopp og enten ein bakterie eller ein alge. Sopp kan vekse og formeire seg, men han kan ikkje drive fotosyntese. Difor slår han seg saman med ein alge eller bakterie som kan hente energi frå sollyset. I tilfellet trønderlav har bakteriedelen av partnerskapet enno eit ess i ermet. Trønderlav-soppen er ein sekksporesopp og bakterien er ein Scytonema – ein cyanobakterie med den ettertrakta eigenskapen å kunne fiksere nitrogen frå lufta.
For den tidlegare omtala tomme lufta er jo i røynda alt anna enn tom. Tvert om inneheld ho 78 prosent nitrogen. Nitrogen er eitt av grunnstoffa alle planter, dyr og menneske treng i store mengder. Utan nitrogen kan vi mellom anna ikkje sette saman protein eller bygge DNA.

Det geniale systemet
Dei aller fleste planter og tre hentar nitrogen frå jorda gjennom røtene. Når blader, greiner og planter døyr, fell til jorda og rotnar vert protein brote ned til nitrogen som vert tilgjengeleg for nye skogsgenerasjonar. Men noko vert alltid borte på vegen, og då må nye næringsstoff kome til. Difor treng vi trønderlavet, og alle dei andre lavartane, på greiner og trestammar, i kystgranskogen og alle andre stadar.
I moderne jord- og skogbruk er vi vane med å tenke på nitrogen som noko som vert tilført utanfrå – som ein av tre ingrediensar i mineralgjødsel. Men i kystregnskogen på trøndelagskysten er det ingen som kjem til med gjødselspreiarar. Og glade skal vi vere for det – så mykje lett tilgjengeleg nitrogen ville drepe mange av plantene som lev der. I staden har naturen dette geniale samarbeidet mellom tre og lav, sopp og bakterie, oppbygging og nedbygging, ja, til sjuande og sist mellom liv og død.

Kritisk truga og forvist
Den harde sanninga er at trønderlavet som art nett no står nærare døden enn livet. Ikkje berre i Noreg, men globalt, er han oppført som kritisk truga. Dei største forekomstane er å finne på den canadiske atlanterhavskysten. I Noreg er det berre to kjente forekomstar att – ingen av dei i Trøndelag.
I 2018 lev trønderlavet eit forvist tilvære i ravineområde i Hedmark. Forekomstane der er heldigvis lukkeleg uvitande om kor få kameratar dei har å støtte seg på.
Uvitskapen er det hedmarkske trønderlavet heller ikkje aleine om: Vi menneske, med alle våre biologar og forskingsprogram og avhandlingar, veit ikkje kvifor trønderlavet har valt å slå seg ned – og overlevd – akkurat her. På same måte veit vi heller ikkje kor mange lavartar kystgranskogen kan klare seg utan.
Kystgranskogen er i seg sjølv ein truga naturtype. Tru det eller ei, men sjølv om vi i Noreg brukar milliardar på å verne regnskog andre stadar, høgg vi ned vår eigen i jamnt tempo. Trugslane mot den norske regnskogen er mykje dei same som trugslane mot den tropiske: flatehogst, utviding av jordbruksareal og nedbygging til menneskeformål som husbygging, næringsareal og nye vegar.
Kvar lille flekk er så enkel å ta. Det er heilskapen som er så forbaska vanskeleg å forvalte. Men utan heilskap, ingen trønderlav – utan trønderlav, ingen heilskap. Ikkje noko vondt om Hedmark – men om nokon treng prioritering og vern, er det truleg det forviste trønderlavet.