Fotoserie

Låven er Norges hjerte

Låven har vært livsviktig for Norge. Nå er låvene i ferd med å forsvinne. Mange rives, andre er på vei tilbake til naturen.

Kort intervju med Eva Røyrane, forfatteren av boka Norges låver:

1.Hvorfor kjærlighet til låver?
Fordi dette er eit svært viktig og dominerande hus i det norske kulturlandskapet. No har så mange låvar vore ute av bruk så lenge at dei er i ferd med å forsvinna. Mange blir rivne, andre er på veg tilbake til naturen. Det er om å gjera å få augene opp for desse husa før det er for seint. Låven representerer ein rik bygningsarv og dette huset fortel viktig landbrukshistorie. Vi synest dette allaktivitetshuset til bonden har fått altfor lite oppmerksomhet, at dei store og staselege låvane og dei små og rare løene fortener å bli løfta opp og fram.

2.Hvor lenge har du stirret på låver?
Det har alltid vore ein låve i mitt liv, ein raud vestlandsvariant med firkantheller på den delen av taket som vender mot vegen og villheller på den ikkje like synlege baksida. No er også den låven forlengst degradert til lager for likt og ulikt. Men han er framleis eit svært viktig hus i tunet. Som journalist med interesse for bygningar og landskap, ser eg meir og meir tydelege endringar både med hus og landskap fordi store deler av landbruket er under avvikling. Dagens bonde held seg med heilt andre hus enn denne raude låven som var med på å modernisera landet før og etter år 1900.
3. Er låvene forskjellige rundt om i landet?
Låvemangfaldet er stort. Det håpar vi denne boka vår tydeleg viser. Låven som samla dyra, foret og reiskapen til bonden blei skapt av landbruksingeniørar i samarbeid med arkitektar. Typeteikningar blei spreidde utover landet, husa blei bygde med tyngdekrafta som prinsipp: Inn med tørt for via låvebrua høgt oppe, dyra plassert nedunder og ut med våt gjødsel nedst nede. Låvar og løer landet rundt blei bygde etter same leisten, men fekk ulik storleik og utforming avhengig av storleiken på garden, næringstilhøve, geografi, klima, lokale byggjetradisjonar og materialtilgang. Dei fleste låvane er raude, men dekoren og fargane på dørane varierer. Låvebrua finst i alskens variantar og som dei låvenerdane vi er blitt, legg vi stadig merke til nye fasongar på luftelukene på låveveggen.
Dei fleste låvane er stavreiste, luftige bygg med fjøs som er enten tømra eller mura. Men, særleg på Vestlandet, er det bygd mange uthus i stein og Hardanger utmerkjer seg med at mange av dei store helletaka framleis er på plass. Dessutan fann vi ei spesielt spennande uthushistorie i Finnmark som både handlar om etnisk mangfald, om norsk kolonisering og om krigen.
4. I boka brukes loven til yoga og til butikk. Er låven et symbol på Norge og forandringer i landet vårt?
Under det store hamskiftet frå 1850 og framover var låven med på å hjelpa bonden inn i pengesamfunnet. Etter kvart blei det bygd ny låve på alle gardstun. Låven blei ein del av kulturlandskapet. Saman med dei kvite kyrkjene blei dei raude låvane kjennemerket på norsk bygdelandskap.
Framleis står den raude låven på mange av dei 170.000 landbrukseigedommane. Men i dag er berre ca 40.000 gardsbruk er i drift. Dermed er låven også ein symbol på det bygdelivet som ikkje lenger finst. Huset står der først og fremst som historieforteljar.

Historia om låven viser at den norske bonden ikkje er så konservativ og treig som mange vil ha det til. Han har heile tida tilpassa seg både teknologisk utvikling og landbrukspolitiske føringar, bygd nytt og bygd om og dermed forlengst avskilta den raude låven.
I mange tilfelle er eigaren av låven i dag ein oljearbeidar som leiger vekk jorda til han som haustar halve bygda og køyrer livet av seg med traktor for å henta heim alle rundballane.
Og i det siste har ein del låveeigarar oppdaga at ledig låveareal er ein ressurs, at dette huset kan brukast til ny næring på garden. Med ny bruk kan låven vera liv laga. I ny bruk, for å dekka dagens behov, er både bygningen i seg sjølv og den historia huset formidlar svært viktige innsatsfaktorar.