Vern av truede arter

Mosen som dukka opp att

Av og til er dei beste gøymeplassane rett framfor nasa vår.

At mosar er blant dei mest løydonsfulle skapningane på jordoverflata er kanskje ikkje openbart. Dei fleste av oss ser jo mose stadig vekk: som eit problem i plenen, ei mjuk seng på skogsturen eller til og med innandørs i blomsteroppsatsen eller bordpynten til jul.
Dei færraste av oss treng likevel å forholde oss til akkurat kva for ein mose vi har kring oss. Vi ser at han er grøn eller brun eller grå, om vi bøyer oss ned kjenner vi at han luktar slik mose skal – vått og jordete - og at han enten er fuktig og mjuk eller tørr og sprø.
Ein moseforskar må derimot gå monaleg mykje lenger – for ikkje å seie nærare – om ho skal klare å avgjere akkurat kva det er for ein mose ho har å gjere med. Ein kan sjå det som at mosar er ganske enkle planter og at skilnadane mellom dei difor ikkje vert så store – eller som at det er så mange moseartar at skilnadane må verte små om det skal vere plass til dei alle.
Sanninga vert uansett at mosane ikkje gjev frå seg kven dei er til kven som helst. Ein av dei 1300 moseartane vi har definert i Noreg gøymde seg så godt at vi ikkje fann han att på 147 år.
Hårblomstermosen er ikkje særleg stor, tuene er gjerne ikkje meir ein 1,5 centimeter i diameter. Kvar plante liknar tuppen på ein malepensel. Inst er dei grøne, før dei vert meir fargelause utover mot spissen. Hårblomstermosen skil seg frå andre blomstermoser ved at desse spissane er breiare, flatare og meir rufsete.

Illustrasjon: Jenny Jordahl

Naturen kring oss
Kvar finn vi så denne løyndommen? Han har vel gøymt seg langt til fjells eller djupt inn i ein skog, der ingen skulle tru at nokon moderne menneske ville finne fram? Det er jo der naturen er, er det ikkje?
Jau, det er natur på fjellet. Men det var verken der hårblomstermosen fyrst vart identifisert eller der han vart funnen igjen. Tvert om var det i Asker og Drammen, to av Noregs mest folketette kommunar. For heldigvis: Naturen er ikkje der borte ein stad. Han er kring oss på alle kantar heile tida.
Hårblomstermosen vart fyrst funnen av herrane Frantz Caspar Kiær og Axel Blytt ved Bergsåsen og Skaugumsåsen i Asker i 1869. To tiår seinare vart han identifisert i Drammen. Der har han halde seg temmeleg stabil, men i Asker vart han vekk – heilt til han i 2016, 147 år etter den fyrste oppdaginga, vart funnen att i Skaugumsåsen.

Einaste land i verda
Kva har han gjort på i mellomtida? Det er vel ikkje heilt utruleg at han eller sporane hans har vore der, berre at vi ikkje har sett han. Moser er gode på å overleve. Dei har ikkje noko særleg system for å lagre fuktigheit – ikkje noko ledningsnett som sender vatn opp og ned mellom rot og topp slik til dømes tre har. I staden er heile planta som ein svamp som sug til seg fukt. Vert det for tørt, har mosane lært seg å gå i dvale: Dei kan sjå knusktørre og døde ut, men i røynda kviler dei berre i vente på nytt livgjevande vatn.
Det spørs likevel kor tungt vi skal lene oss på denne overlevingskrafta. Asker og Drammen er nemleg ikkje dei einaste stadane i Noreg vi finn hårblomstermose. Det er dei einaste i verda.
Hårblomstermosen er ein såkalla endemisk art – ein art som er avgrensa til eit spesielt område og berre der. Det gjev Noreg eit særleg ansvar for å ta vare på han. Per i dag har han det truleg greitt der han står: Skaugumsåsen er naturreservat, og såleis ikkje trua av ut- eller nedbygging.
Men kor lenge klarar vi å late så sentrumsnære områder stå urørte? Ingen stadar i landet er det fleire raudlista artar enn i Oslo og Akershus. Kor ofte høyrer vi ikkje om små froskar, fluger eller moser som står i vegen for store prosjekt – og kor ofte kjem ikkje slike samtalar negativt ut for den truga veksten eller vesenet? Og vil mosen klare seg på berre små flekkar som er naturreservat, eller treng den meir habitat?

Ei nål i æva
Moser er ikkje berre livskraftige skapningar, dei er gamal og. Rett og slett blant dei eldste artsgruppene vi veit om: Truleg var det mose på jorda allereie for 475 millionar år sidan, medan til dømes gras berre har eksistert rundt 55 millionar år.
I nærare ein halv milliard år har vi altså hatt mose. Er det noko poeng i å ta vare på han ein halv milliard år til? Kva rolle spelar ei lita tue hårblomstermose i slike perspektiv? Ei pølse i slaktetida, ei nål i høystakken – eller ein del av limet som held det heile saman?
Hundrevis av millionar av år er lenge. For lenge til å klare å førestille seg. Likevel er det ingenting samanlikna med den æva som ligg framfor oss. Tenk på det du. Og tenk så på hårblomstmosen, og på at alt han treng for å overleve kan vere at vi prioriterer han og den vesle åsen han står på. Skilnaden på kor trygg han er når han står på to plassar i verda mot at han berre står på ein, er ganske uendeleg han og, i grunn.

*

Hårblomstermose
- Hårblomstermose (Schistidium bryhnii) vart fyrste gong identifisert i Asker i 1869.
- Mosen er grøn med fargelause bladspissar og veks i små tuer med ein diameter mellom 0,5 og 1,5 centimeter.
- Hårblomstermose er registrert som sterkt truga (EN) i Raudlista. I verda er han berre kjent på to stadar, begge i Noreg: I Drammen og i Asker. Begge lokalitetane er i naturreservat.