50 år siden "Kampen om Mardøla"

Kvifor Mardøla var så viktig

Femti år etter står Mardøla-aksjonen framleis og lyser i soga om den norske miljøkampen, og gjev inspirasjon, innsikt og retning for dei som fører kampen vidare.

Utpå seinsommaren 1970 meldte NRK og avisene om ei uvanleg og dramatisk hending: Ei gruppe motstandarar av ei kraftutbygging i Romsdal hadde slege leir i anleggsvegen og stoppa arbeidet. Utbygginga, fekk me høyre, ville tørrleggje den prektige Mardalsfossen, ein av dei høgaste og gildaste i landet.

Kven var det som fann på ein slik aksjon? Det blei rapportert om tilreisande naturvernarar, ikkje så få av dei var studentar. Talsmannen var ein magister i filosofi som heitte Sigmund Kvaløy. Det mest overraskande for meg var at mange bygdefolk også var med på aksjonen, og at bygdene Eikesdal og Eresfjord var massivt mot utbygginga. Slik hadde det ikkje vore i Vinje, der den til då mest omfattande kraftutbygginga i landet blei gjennomført på 1950- og 1960-talet, nesten utan protestar.

Peter Bøgh og eg avslutta gymnastida i Bø denne våren, og peila oss inn på studiar ved Universitetet i Oslo. Me snakka mykje om Mardøla-aksjonen, sympatiserte med saka og bestemte oss etter kvart for å dra til fjells. Eg var 19 år, hadde førarkort og nettopp kjøpt ein brukt Austin 1100. Med den la me i veg nordover Gudbrandsdalen og inn i eit landskap som var heilt ukjent for oss, både naturen og det politiske lendet.

Abonner på Harvest Magazine

For 99 kr i måneden eller 950 i året kan du lese alt vårt innhold.

Du får nye saker hver uke og tilgang til hele arkivet, med artikkelserier og anbefalinger.

Vi skriver om livskvalitet og samfunn, natur og kultur.
I Harvest finner du sjelden siste nytt, men undring, nye tanker og inspirasjon. Kritisk journalistikk, smarte anbefalinger og gode historier.

Abonnerer du allerede?
Logg inn her

Mcrdqlccssjanun 1970