Fotoserie

Fjellhonning, Smådalskjøt, Valdreskilling og fjordfe!

Møt fire matprodusentar fra fjellbygda Vang.

Dei seier at når vinden løyer, dett vangsgjeldingane overende. I fjellbygda mellom aust og vest, delt i to av E16, der dei skogkledde Valdres-åsane kræsjar med tindane i Jotunheimen og vêret kjem frå alle kantar, ligg gardane spredt frå 400-1000 meter over havet.

Om vinteren bles snøen vekk frå dei svarte rabbane. Våren kjem seint. Arealet med høgfjell utklassar arealet for dyrka mark. Det drit vangsgjeldingane i, for i fjellbygda på 400 meter over havet er dei vant til å jobbe i motbakke.

Siv Anita Katevoll - Smådalskjøt

Hadde eg visst kor mykje jobb det var, hadde eg aldri tatt over, er orda som kjem ut av munnen til Siv Anita Katevoll. Augo søker røynd mellom trea etter dei unge dyra som er på det frodige sommarbeitet ved fjellvatnet Helin for fyrste gong. Ho snakkar fort, går fort, jobbar fort for å rekke over alt som skal gjerast. Etterpå skal vi innom to puljer til med kalvar. Mellom landbrukspolitiske skotsalvar og innføring i permisjonsløysingar for bønder ropar ho på Anna, Linnea, Kasper, Onkel Ola, Bjørn. Fireåringen har kalla kyrne opp etter ungane på nabogarden. Det er dette som er produktet mitt, seier ho. Dyr som nyttar fjellbeitet, veks seint og har det godt.

--

Lars Hemsing - Fjellhonning frå Vang

Dei seier at ein ikkje kan ha bier over 500 meter over havet. Og det er der det er det er lite vind. Birøktaren trekk hatten med netting ned over hovudet, før han løftar av øvste delen av bikuben. Der sjølve honningproduksjonen går føre seg. Nede i ynglerommet summar det rolig, dei travle arbeidarane ensar knapt den kvite kjempa som løftar ynglebretta ut av kuben. I skogen bak dei åtte bikubane var bakken dekka av kvitveis for ein månad sidan. No har skogstorkenebb og engsoleie for lengst vakse forbi. Om bringebæra ventar til 10. juli med å springe, kan det vera håp for årets honningproduksjon. Kulda i mai kom midt i høgtida for yngelproduksjon, og i juni gjer varmen biene dovne og treige. Men honningen er eit biprodukt, seier birøktaren. Det er det vesle samfunnet nedi her som verkeleg fascinerer han.

--

Line Svien og Kjell Gudmund Svien - Tyinlam

Dei 400 kiloane kjøt som skulle vore servert i lambabb og eritreisk lammegryte på musikkfestivalen Vinjerock ligg framleis på frys, og der må dei bli eitt år til når det forhåpentlegvis blir festival og ikkje pandemi. Neste års Tyinlam får endeleg setje nasen mot Eidsbugarden, der dei kan nyte festivalområdet uforstyrra i år. Line og Kjell Gudmund Svien har ingen ambisjonar om å setje på bremse. Våren er to veker for sein, og sprengvarmen jagar dyra til fjells - men livet på garden går sin vante gang. Matmor Line opnar fjellstove, matfar Kjell Gudmund er entreprenør, her er det best å halde seg vekke til hausten kjem, tenker nok sauene.

--

Ida Østvold Heensbakken og Sigmund Sørum - Vestlandsk fjordfe og geiter

Dei har akkurat kjøpt mjelkekvote og geiter, og satsar stikk i strid med mjølkeprisen. Ida stikk hovudet ut fjøsdøra og kallar på geitene. Om litt skal sambuar Sigmund køyre ned og mjølke flokken med vestlandske fjordfe, som går i ein lånt fjøs på Søre Hemsing. Fjøsdøra der buhunden Laika svinsar inn og ut som ho ynskjer, blir holdt åpen av ein stein. Der brukar vesle Amund på to år å sitje når han er med mor i fjøset. Der har han oversikt og sørger for at alt går rett for seg.

--

Randi Ødegården og Halvor Eggen - Valdreskilling

De kan kome innom og helse på, men vi bufører ikkje til fjells før neste veke. Det er ikkje grønt enno, fortel Randi Ødegården. På jordet nedanfor garden går ein flokk killingar og eit par bukkar. Dei jobbar hardt med å rydde grøfter, det geiter gjer best. Ein liten ungdomsgjeng frå geiteflokken hennar er på sommarjobb i nabokommunen i år, der dei knaskar ugras og greiner og rydder verdifulle kulturminner. Ikkje at dei bryr seg, men for matmor er det eit ekstra bein å stå på. Det kjem godt med, når geitefjøset er utvida og modernisert. Dei satsar i Liagardane også.